Frå stamme til satellitt – kva metaforar kan fortelje om korleis ei lærarutdanningsreform vert forstått og iverksett

Authors

  • Vigdis Foss Høgskulen på Vestlandet
  • Hege Fimreite Høgskulen på Vestlandet
  • Ingrid Fossøy Høgskulen på Vestlandet
  • Elin Eriksen Ødegaard Høgskulen på Vestlandet
DOI: https://doi.org/10.23865/fof.v2.1409

Abstract

Denne artikkelen bygger på analyser av metaforbruk når leiarar og lærarutdannarar i barnehagelærarutdanning fortel om iverksetting av ei reform, og i særleg grad pedagogikkfaget si rolle i denne samanhengen. Barnehagelærarutdanningsreforma vart sett i verk i 2013, og materialet er samla inn på seks utdanningsinstitusjonar i Noreg i 2015. I artikkelen gjer vi greie for teori om metaforar og reformer som kan kaste lys på korleis ein kan forstå metaforane lærarutdannarar og leiarar i barnehagelærarutdanninga brukar når dei skildrar prosessen med å sette reforma i verk. Artikkelen rettar også merksemd mot reform som verktøy for å realisere politikk og skape endring i samfunnet.

Deltakarane uttrykker seg metaforisk om eit reformarbeid dei finn krevjande. Dei uttrykker tap med omsyn til pedagogikkfaget; tidlegare var faget «ein stamme» i utdanninga, no er det «ein satellitt». Både deltakarane og forskrifta ber med seg ei felles kulturell forståing av utdanning og kunnskapsdeling som vanskeleg kan foreinast med nye krav og visjonar for utdanninga. Dersom barnehagelærarutdanninga skal vere innovatør i utdanningssystemet, krev det meir enn ei ny forskrift. Leiarar kan finne mykje nytte av å vere merksame på metaforbruk i endringsprosessar.

English abstract

This article is based on analysis of the use of metaphors when leaders and teacher educators tell about their experiences with implementing a new reform in kindergarten teacher education, which include the experiences with the change of role for ‘pedagogy’ as a discipline. The Kindergarten Teacher Education Reform took custody in 2013. In 2015 we conducted interviews in six higher educational institutions in Norway. In this article we present theories of metaphors and reforms, which can deepen our understanding of the experiences expressed through the participant use of metaphors and give us insight into how we understand, construct and are embedded in cultural layers of metaphorical language. Participants use metaphors to express themselves about a reform they find challenging. They express the loss of a discipline; earlier they understood pedagogy as a “tree trunk”, now as a single “satellite”. The article also addresses the politics of reforms. If kindergarten teacher education is given the task of being the innovators in the education system, more is required than a new regulation. Leaders can benefit from understanding the importance of cultural metaphors in changing teacher education.

Usage Statistics
Total downloads:
Download data is not yet available.

Published

2019-06-19

How to Cite

Foss, V., Fimreite, H., Fossøy, I., & Ødegaard, E. E. (2019). Frå stamme til satellitt – kva metaforar kan fortelje om korleis ei lærarutdanningsreform vert forstått og iverksett. Forskning og forandring, 2(1), 4–24. https://doi.org/10.23865/fof.v2.1409

Issue

Section

Original Articles

Keywords:

Barnehagelærarutdanning, reform, metaforar, kunnskaps- og utdanningssyn, kindergarten teacher education, metaphors, concept of knowledge and education